Thomas Ryste, tidlegare bankmann, er hjerna bak humorsuksessen og universet Klypa. Sidan 2004 har han levert humor frå bygdenorge gjennom karakterane Kjellen, Palle og Strila-Petter, med fleire. Med over 350000 fylgjarar samla på Facebook, YouTube, Snapchat og Instagram, arbeidar han kvar dag med å produsere humorinnhald til sine sosiale media, og turnere landet rundt med showet «Kjellen - Med Prostata mot stjernene».

Event

Event

Thomas har lang erfaring frå scena, og gjer jamnt opptredenar for næringsliv, og offentlege arrangement. Som konferansier gjennom dagen, er Thomas heilproff, samtidig som du kan forvente ein god latter.

Bookar du inn Thomas til ditt event, kan han enkelt tilpasse opptredenen for å passe best mogleg inn til akkurat DITT arrangement. Det er mange moglegheiter, der Thomas er konferansier både dag og kveld, og med innslag av til dømes karakteren Kjellen kan du forvente god stemning i salen. I tillegg kan Thomas by på fleire foredrag, som også kan tilpassast ditt dagsprogram.

Foredrag

Foredrag

Ryste er ein dyktig og engasjerande foredragshaldar. Frå si karriere er det ein rekke gode historiar som fungerar utmerka som foredrag tilpassa lengder på 30, 60 eller 90 minutt. Han har fleire foredrag som har vore heldt tidlegare med stor suksess, men tilpassar gjerne andre opplevingar frå karriera til å passe for ditt event.

Foredraget «Historia bak Kjellen» vart laga til Næringskonferansa i Ørsta 2018, og vart teke vel i mot av næringslivledarar frå heile Sunnmøre-regionen. Foredraget viser Thomas frå si personlege side, med både humor og seriøse refleksjonar over vegen fram til i dag.

Foredraget «Bygge merkevare i sosiale media» handlar om merkevare Klypa, og korleis den samla har langt over 200 000 fylgjarar på Facebook, YouTube, Snapchat og Instagram.

...

Historia bak Kjellen

Foredraget kan tilpassast 30, 60 eller 90 minutt.

...

Bygge merkevare i sosiale media

Foredraget kan tilpassast 30, 60 eller 90 minutt.

Konferansier

Konferansier

Thomas stiller gjerne opp på ditt arrangement som konferansier, og har lang erfaring med akkurat dette. Med litt info om di bedrift eller ditt arrangement i førekant, er du garantert nokre humoristiske stikk undervegs, og sørger for at ditt arrangement vert ein suksess, samtidig som programmet vert skreddarsydd for ditt arrangement.

Referanser

Referanser

Vi brukte Kjellen til et kundearrangement i bilbransjen, der vi hadde med oss kunder fra hele landet. Opplevelsen og stemningen på vårt arrangement ute på Håholmen var helt enestående takket være Kjellen som gjorden en fantastisk jobb.


Jonny Skrivarhaug, GS Bildeler

Skipsverftet vårt i Leirvik i Sogn feiret 100 år, og vi leide han inn som konferansier både dag og kveld. Det ble kjempesuksess!! Han var utrolig proff, og tilpasset agenda til både barn og voksne. Vi var plutselig foran i skjema, og trengte å hale ut tiden litt, uten å nøle tok han 10 min ekstra på scenen og underholdt med litt lek for barna, tok selfies osv... Veldig gøy! Kan anbefales!


Carina Nærø Erntsen, Markeds- og informasjonskoordinator Havyard Group ASA

Vi arrangerte en samling for alle sjåførene våre på Kongsberg i januar 2019. Kjellen feide inn som en orkan, og uværet økte i styrke utover i innslagett. Et minneverdig innslag som ble toppet i finalen med "Dåseduft i Luften". Ikke et tørt øye...


Arne Bakken, Logistikksjef Nippon Gases

Kontakt

Kontakt

Management via Ida Rebbestad Ryste

(+47) 905 66 171

Presse

Presse

Alle foto krediterast "Foto: Marius Beck Dahle"
Klikk på bileta for å laste ned i full kvalitet.

Følg Thomas

Følg Thomas

Booking

(+47) 905 66 171
booking@klypa.no

Ryste Entertainment AS
Hovdebygda
Norway

Foto av Marius Beck Dahle
Utvikla av Oclin AS

Personvern